Nå er endeleg ei ny oppdatering her frå Honduras, og mykje har skjedd. Etter at bilen brann i slutten av januar har me vore utan bil i ein månad. Me har endeleg fått kjøpt ein nye nå, som Hugo og Tania, våres nye naboar, kjem heim med i kveld. Me har difor ikkje hatt moglegheit til å vera så mykje på barneheimen den siste tida, men derimot er har det skjedd mykje heime.
Heilt frå Øyvind og Kirsten kom til Honduras hadde dei problemer med huseigeren, som er advokat, og ende opp i ein konflikt med han på grunn av mange problemer i huset som me fekk skylda for, blant anna store mengder sopp. Han trua oss med alt frå fengsel, utkasting frå landet og bøter, så me var på veg å gå til advokat, med hjelp frå nære venar. Men ein anna venn hjalp oss, så me kunne berre gi frå oss nøklene å flytte. Me fant fort ut at advokatar i Honduras var ein svært dårleg likt yrkesgruppe her i Honduras. Fleire ga klart beskjed om at advokatar var nokon du bør holde deg vekke frå når det gjaldt all form for avtalar og spesielt økonomiske.
Sopp som dette voks over store deler av huset.
Før me flytta feira me Amund og Ashley som fylte året den 30 og 31 januar.
Her er burstagsborna Amund og Ashley
Alltid gildt med ballonger
Det blei tid til litt dansing og. Justin prøver å lære Elias, Eilen, Leandro og Elisabeth å danse Punta, ein lokal dans.
Linda laga to kaker som ungane i alle aldre koste seg med.
Amund var så heldig å få feira dagen sin to dager. Andre dagen var det Tania med famile som kom i selskap. Amund blei kjempe fornøyd då han fekk ei t-skjorte og pusslespel av dei.
Alle koste seg med kake.
Dagen etter selskapet startet me med pakkinga.
Her pakker Amund og Elias sine klær.
Me fekk mykje god hjelp av gode venar med flytting av tinga våres.
Her er Øyvind, Marco, Gabriel og Gustavo, bror til Hugo the mechanic (i bilen). Heldigvis flytta me ikkje så langt, bare til nabogata.
Her er det nye huset våres, me har stor hageplass utanfor. Me har også fått ein hund med på kjøpet, Marina, som er hunden til huseigaren. Blant dei næraste naboane finn me rektoren og 1. klasse læraren, vår private læge, mekanikkar og elektrikker. Regelrett eit godt steinkast under finn me 4. klasselæraren, vår husmorsvikar og private røyrlegger og hagearbeider. Legg merke til at me har en svart vanntank som står i sola. Noko som betyr at me ikkje treng å dysje i kaldt vatn. Nå er det lunka på gode solværsdager. Og det må presiserast at det er fantastisk når me har dusja i KALDT vatn i 4 mnd.
Hagen
Me har til og med utsikt båe til sjøen og til Pico Bonito (2435moh) som er et av dei høyeste fjellene i Honduras.
Elias, Eilen og Amund med Pico Bonito i bakgrunnen.
Dagen etter me flytta til det nye huset, begynte Elias i 1. klasse og Øyvind som engelsk og datalærar på skulen på prosjektet.
Me har slete med sjukdom store deler av dette året, og det kan vera litt slitsom. Her sovna Amund med bordet.
Det er ganske spennande å bu her, det er stadig nye dyr og insekt som dukker opp. Her finner Marco ein skorpion ute på plenen.
Me fant og ein store grashoppe inne i huset vårt.
I tillegg har me ein stor populasjon av termitter og maur i huset. På kveldstid har me eit fint syn utanfor huset, heile plenen pleie vera dekka av ildfluer.
Då Kirsten skulle lage fisk til middag blei me litt fasinerte av fiskafileten.
Det har også vore feiring av día de amistad y amor (kjærleikens og venskapetsdag). Då kom naboen våres, Hugo, med ei rose til Kirsten og Elisabeth.
Det nye huset har heller ikkje vore uten problemer. Dei første dagene fekk me ikkje vatn, men med god hjelp frå venar og bekjente fant dei ut at det var røyret som var tett inn til huset, så det blei fiksa. Den siste veka har ikkje vatnet fungert skikkeleg, og me har vore uten vatn. Då er det godt å ha gode naboer som slenger over hageslangen på kveldstid (det er berre vatn mellom 6 om kvelden og 6 om morgonen) for å fylle opp tanken. Me har også hatt problem med begge doene i huset. Det eine gjekk det absolutt ikkje ann å tappe opp, mens det andre lækte og virkte nå og då. Etter mykje om og men endte det opp med at Marco og Gabriel tok å fjerna doet, for å så rensa det. Det me fant inni var ei tytteflaske og ein vaskesvamp. Det var ikkje løye at det ikkje funka då.
Elias koser seg på skulen, her er han mala som ein somarfugl av læraren
I helga fekk me endeleg kome oss til barneheimen igjen. Her speler Michael, Jose, Angel og Darling fotball.
Her snakker Darwin og Elisabeth saman, mens Darling og Jose spelar på mobilen.
Marcos og Eilen
Her er nokon av gutane på barneheimen samla
I begynnelsen av februar starta skuleåret for dei fleste i Honduras, også på Niños de la Luz der Øyvind arbeider. Skape muligheter saman saman støtter nå åtte elver på denne skulen med hele eller deler av kostnaden. I tillegg blir fire støttet på diverse måter med utdanning utanfor prosjektet.To av dei tar utdanning på universitetsnivå (psykologi, indistrielle relasjonar) og to på videregåande, der ein av dei vil fullføre ein yrkesretta utdanning i kjølesystemer dette året.
Dei siste vekene har det kome fram at enkelte av gutane på prosjektet, som går på colegio (tilsvarar ungdomskule/vidaregåande i Norge) må gå omatt forrige skuleår, i tillegg til at dei ikkje kan byrja før til neste skuleår. Skulen dei går på har nemleg vist seg å ikkje gjort det nødvendige papirarbeidet for å få godkjennelse. Nå er heldigvis han som byrja på denne skulen dette året flyttet over til ein anna tilsvarande skule. Så får me håpa at dei andre kan sleppe unna med å berre ta eit år omatt.
Sommarenvarmen som vanlegvis startar i februar og er på topp mellom mars og mai lar vente på seg. I staden har det vær mykje regn og kaldt (blei registrert heilt ned i 17 grader) i februar. Lite shortsvær med andre ord.
Slik såg vegen opp til huset vårt ut i dag, omforma til ei elv.
Hilsen oss seks
-Øyvind, Kirsten og Elisabeth-