Honduransk påske

Honduransk påske
IMG_8062.JPG

I staden for ski og kvitkledde fjell valte me i år å legge påska til varmare strøk. Til i gjennomsnitt

skrekkblanda fryd for oss. Malin i ekstase over å reise til fjerne land, Leif Egil i skrekk over tanken på

varme. Særleg når det tilsynelatande var den varmaste månaden på året me hadde klart å booke

flybillett.

IMG_7784.JPG
IMG_7790.JPG
IMG_7983.JPG

Fyrsteinntrykket av Honduras var eit vakkert og frodig land, med flotte grøne områder og flott natur

og VARMT.

IMG_7741.JPG

Etter å ha kjørt ein runde i La Ceiba, fekk ein verkeleg sjå korleis tilhøva var ikring. Somme

strøk var vel dekorerte hus, med flotte bilar i oppkøyringa, medan i andre kvartal like ved budde stor-

familiar i eit slags skur. Langs og i vegen sat personar med eller utan fot og tigga etter pengar.

Tilgangen på mat var tydeleg også liten for dei fattige i landet. For oss som hadde moglegheita til å

kjøpa det vi ynskte til ein billeg penge, vart dette ein stor kontrast. Klasseskiljet var veldig tydeleg.

Øyvind og Kirsten har ei hushjelp som heiter Linda. Ho vart vi etterkvart godt kjend med, på trass av

at ho ikkje kunne eit ord engelsk. I starten gjekk det i google translate. Men då internettet til familien

Leidland vart kutta (slikt skjer i Honduras…) gjekk det i ordbok og teiknspråk, og særs god tålmod frå

Linda si side. Der satt me, me kvar vår ordbok og slo opp det eine ordet etter det andre for å prøve å

finne ut av kva det var ho spurte om, og kva me skulle svare. Ho er gift med Marco, som stiller opp på

seine nattetid for å prøve å få gang på vatnet (for slikt skjer i Honduras, at ein mistar vatnet…).

IMG_8016.JPG
IMG_8022.JPG
IMG_8044.JPG
IMG_7442.JPG
IMG_7426 (1).JPG

I tillegg til hushjelp og rørleggarvener har familien god tilgang på både lege, apotek, kokke og

bilmekanikar, som Øyvind stadig vekk diskuterer bil med. «Kokka»(Tania), som er rektor ved skulen

der Øyvind arbeidar, sørga for at me fekk smake nokre av dei lokale spesialitetane i Honduras. Blant

anna ferdigtygde bønner, som faktisk smakte svært godt.

IMG_7643.JPG
IMG_7848.JPG

I Honduras er Manjana, manjana eit uttrykk som MÅ lærast. Dette tyder i morgon, i morgon, og

speglar haldninga til mange der. Nyt dagen i dag, og utsett det som kan utsettast til i morgon.

Stressnivået til innbyggjarane var på eit særs behageleg nivå. Einaste gongen vi registrerte at kanskje

blodpumpa slo eit par slag ekstra i minuttet var då Hugo-bilmekanikar skulle svippe Leif Egil attende

for å hente dei gløymte passa før båten gjekk. Køyringa kunne minnast meir om flyging enn

bilkøyring.

IMG_7969.JPG
IMG_7964.JPG

Medan trafikk er nemnt. Det er ein riskikosport i dette landet. Dobbel sperrelinje tydar truleg minst

to forbikøyringar på same stad. Ein på utsida og ein på innsida av bilen som blei køyrd forbi. Den

typiske «stasjonvogna» må kunne seiast å vere ein suzuki 150 motorsykkel. Den fekk plass til eit par-

tre ungar, mor og far samt dagens handling. Hjelm på motorsykkel var storsett til å setta oppå

hovudet og snu han bakfram.

IMG_7641.JPG

Sidan halve reisefølge frå Noreg er interessert i geologi, må dette også nemnast. Det var lite å sjå.

Berre lausmassar. Vegskjæringane i landet er av særs optimistisk karakter. Nærast vertikale

lausmasseskjæringar, ville truleg utløyst store summar i sikringstiltak hadde det vore i Noreg. Godt

Vegvesenet ikkje hadde noko der å gjer

Som eit nedkjølingstiltak vart første delen av opphaldet lagt til Roatan, ei øy like nord for La Ceiba.

IMG_7516.JPG
IMG_7568.JPG

Her gjekk det an å bade, kjøle seg ned, bade og i tillegg fri tilgang på aircondition. Noko som var

svært etterlengta blant somme. Me fekk også tid til å ta dykkerlappen her.

IMG_7553.JPG

Me reiset også til ei anna øygruppe, Cayos Cochinos, der me snorkla og dykka ned til eit flyvrak.

IMG_7871.JPG

Sjølvlysande fisk

IMG_7929.JPG

Ein av hovedgrunnane til at me ynskte å ta den lange turen, var for å få eit innblikk i kva Leidland

faktisk drive med der nede. Me fekk besøkt både skulen som Øyvind arbeidar på og Prosjektet,

barneheimen som ligger like ved skulen.

IMG_7471.JPG

Det var veldig kjekt å sjå kor stor pris gutane på barneheimen sette på Leidland. Og bli litt kjend med dei. I tillegg var vi ute på ein strand og åt fisk. Aldri har me sett barn som var så glade i fisk.

IMG_7634.JPG
IMG_7623.JPG
IMG_7609.JPG

Alt i alt hadde me ein uforgløymeleg tur, ein skikkeleg ikkje standard turisttur, med turistinnslag.

IMG_7858.JPG
IMG_7748.JPG
IMG_7764.JPG
IMG_7701.JPG

Me fekk bli kjend med nokre fantastisk snille og omtenksame folk, som bryr seg om og stiller opp for

kvarandre. Det er iallfall slike folk Leidland familien er omkransa med.

IMG_7571.JPG

-Malin og Leif Egil-

Viser Honduransk påske.docx.