Frå kjøpet i 2017 til nye løysingar for vatn og ferdsel i 2026. Følg utviklinga nedover tidslinja.
Videoen viser utviklinga fram til 2023.
Utviklinga steg for steg

2017–2019 · Frå kjøp til samlingsstad
Elisabeth, Kirsten og Øyvind kjøpte området i 2017. I 2019 sto privathuset ferdig og vart møblert. Huset vart brukt som kjøkken og samlingsstad, og la grunnlaget for fleire aktivitetar på området.
2020 · Escuelitaen opnar for måltid
Den raude Escuelitaen sto ferdig i januar 2020 og opna i mars med eit tilbod om varme måltid. Etter berre to veker måtte tilbodet stengje då pandemien kom. Medan det var ope, fekk opptil 40 barn varm mat fire dagar i veka. I årsrapporten blir bygget kalla «matsal», men det er Escuelitaen – ikkje eit eige bygg.


2021–2023 · Mur og flerbrukshus
I 2021 heldt arbeidet med muren rundt området og det separate kontorbygget fram; planen var å få arbeidet ferdig til hausten. Kontoret/fleirbrukshuset sto ferdig i 2023. Det grå bygget blir brukt til kontor, lager, samtalar og møte.
2026 · Vasslager under bakken
Planen om boring vart endra av tekniske omsyn og risiko. I staden vart det bygd ei underjordisk cisterna – eit basseng for lagring av vatn – med pumpe tilkopla.


2026 · Stein og vidare arbeid
Stein vart lagd i innkøyrsla for å halde massane på plass og redusere erosjon når regnet kjem. I 2026 vart det òg arbeidd med tak over ein framtidig spiseplass, flytting av vegg, port og eit innvendig gjerde.
